For dei som kjenner han er sommarfuglen vårblåvinge eit vakkert vårteikn når han kjem ut av puppen etter vinteren, og tek til vengene i mai og juni. Men synet har fram til nyleg vore forbehaldt dei lengre sør i landet enn Helgeland.

av Live K. Torvund, avdelingsleiar Rødøy

Helgeland Museums naturhistoriske avdeling har ei stor sommarfuglsamling på rundt 11 000 individ, og 615 artar. På latin heitar sommarfugl Lepidoptera, og ordenen inkluderer dei me ofte tenker på som sommarfuglar; fargerike skapningar som flyr på dagtid, men også mange andre som dei flinke flygarane i familien tussmørkesverme og bleike nattaktive møll.

Zoolog Per Ole Syvertsen og preparant Stig Lundmo ved museet i Rana har saman med Atle Ivar Olsen ved Nord Universitet i ei årrekke drive med kartlegging av sommarfuglartar. Det har blitt gjort registreringar i alle 18 kommunar på Helgeland, men med styrst innsats i Hattfjelldal, Hemnes, Herøy, Nesna og Rana. I registreringa av sommarfuglar har ein fyrst og fremst brukt lysfeller, som tiltrekker seg sommarfuglar om natta ved hjelp av lys. Dei  lyse sommarnettene her nord har ført til at ein også har  tatt i bruk andre typar feller. Blant anna ei tråd dyppa i raudvin, noko sommarfuglane set stor pris på.  

Nytt vårteikn

Vårblåvinge på blåbær, Utskarpen i Rana 21. mai 2009. Foto: Stig Lundmo.

I 2016 publiserte Syvertsen, Lundmo og Olsen ein artikkel som kunne visa at dei sidan 2003 hadde funne heile 50 artar som ikkje tidlegare var registrert i Nordland. Den viktigaste årsaka er nok at det ikkje har blitt gjort så mykje grundige undersøkingar i fylket tidlegare, men nokre av artane ser også ut til å vera nyinnvandra i fylket, og ein ser ikkje vekk frå at klimaendringane kan ha spelt ei rolle i dette.

Ein av desse artane som ein trur har vandra nordover er vårblåvingen (Celastrina argiolus). I løpet av 2000-talet har ein gjort ei rekke registreringar av arten i mange kommunar i Nordland frå Vega i sør til Saltdal i nord. Fram til 2009 var vårblåvingen berre funnen i Sømna på Sør-Helgeland, og registreringa var gjort så langt tilbake som i 1985.

Sidan ein har hatt mangeårig observasjon i regionen, blant anna på Utskarpen sidan 1980, utan nokre registreringar av vårblåvinge, tyder det på at arten ikkje har vore utbreidd her tidlegare, men blitt vanlegare utover 2000-talet. Sidan arten ikkje finst langs grensa til Nordland i Sverige, er det også grunn til å tru at han er komen sørfrå.

Me kan altså gleda oss over eit nytt nydeleg blått vårteikn her nord, men som alle endringar der det er grunn til å tru skuldast eit varmare klima har gleda ein viss bismak. Og kven veit: om du har augo med deg når du er ute på tur dei komande vekene får du kanskje sjå vårblåvingen sjølv.

 

Kjelder

Lundmo, S,  Olsen, A.I., Syvertsen, P.O. & Nilsen R. 2016. Nye regionfunn av sommerfugler i Nordland. Insekt-Nytt 41 (2): 9‒25

Olsen, A.I., Lundmo, S. & Syvertsen, P.O. 2016. Vårblåvinge brer seg nordover i Nordland. Insekt-Nytt 41 (2): 5‒8

Heile hefte med artiklane finn du her.