Hopp til hovedinnhold

Ein skeiv roman frå Helgeland

28 minutter

Førpremiere på artikkel i Årbok for Helgeland 2022 av Live K. Torvund

Romanen "Under brottskavlen" Frå 1936. Foto: Gyldendal

Ein skeiv roman frå Helgeland

Live K. Torvund (f.1985) frå Jæren. Tidlegare avdelingsleiar for Helgeland Museum i Rødøy, no tilsett som fagkonsulent ved Oslofjordmuseet, Museene i Akershus.

«Under brottskavlen» er debuten til John Hjertås, ein i dag ukjent forfattar frå Gjerøya i Rødøy. Romanen handlar om fattigdom i nord, internatskular og ein gut som forelskar seg i andre gutar. Resepsjonen av boka i 1936 fortel om ei brytningstid i synet på seksualitet og skeiv kjærleik.

Romanen «Under brottskavlen» frå 1936. Foto: Gyldendal

Når historia blir skriven blir nokre ofte utelatne, nedprioritert, gløymt eller neglisjert. Det er blitt ei auka medvite om å henta fram og synleggjer den delen av historia som har fått lite eller inga merksemd, og blant anna har det blitt gjort ein innsats for å løfta fram kvinnehistorie, samisk og kvensk historia frå gløymsla. Det same gjeld historia som handlar om dei som har elska nokon av same kjønn, eller som på andre måtar har brote med si tids kjønnsnormer. I dag blir dette gjerne kalla skeiv historie, og sidan dette er historie som ofte har blitt tidd om og gøymt vekk, må ein leita litt ekstra for å finna spor etter den.

Skjønnlitteraturen har ei særstilling i å kunna gi frirom til utforsking av tankar og kjensler som elles har lite rom i samfunnet ein lever i. Rødøyfjerdingen John Hjertås sin debutroman «Under brottskavlen» frå 1936 er eit døme på ei slik utforsking. På trettitalet var det ikkje vanleg at homofile kjensler blei skildra i litteraturen. Framleis var «utugtig omgjængelse» mellom menn forbode med lov gjennom §213.

I år er det 50 år sidan forbodsparagrafen blei oppheva i 1972 etter ein langvarig organisert kamp. Nasjonalmuseet, Nasjonalbiblioteket og Skeivt arkiv har gått saman om ei nasjonal feiring som går under namnet Skeivt kulturår, og oppmodar heile kulturfeltet til å formidla og diskutera skeiv kunst, kultur og historie. Slik kan ein legga grunnlag for ei meir nyansert og mangfaldig historieskriving, som kan bidra til meir kunnskap og forståing, og mindre diskriminering og trakassering på bakgrunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Buøyvalen på Gjerøy der John Hjertås vaks opp. Årstal ukjent. Foto lånt av Kolbjørn Lorentzen

Fattigdom i nord

Nord på Gjerøya i Rødøy kommune ligg den vesle halvøya Buøyvalen. Ingen bur her i dag, men om ein tek turen ut, kan ein finna tuftene etter husmannsplassen der forfattaren John Hjertås vart fødd 30. mars 1897. Han vaks opp i fattige kår i det storslegne, men vêrharde landskapet, der Svartisen ruvar mellom fjella i aust, og storhavet strekk seg utanfor øygarden i vest. [i] Alle tre bøkene hans tek utgangspunkt i landskapet og bakgrunnen han kom frå, og han sette seg føre å formidla noko om den fattigdommen han kjente frå oppveksten, og som han visste framleis rådde mange stadar nordpå. «Jeg vet intet sted i Norge hvor livet leves så fattig som i Nordre Helgeland», uttalar han i eit intervju i Morgenbladet i samband med utgivinga av debuten.[ii]  Då han flytta sørover til hovudstaden, ser det ut til at han blei oppgitt over kor ukjent det Nord-Noreg han kom frå var der, og han uttalar i eit anna intervju i Dagbladet:

«Nord-Norge skaffer årligårs staten milloninntekter. Men befolkningen som bor der oppe og som jo er statens redskap, lever til dels i så elendige kår at en forsorgsunderstøttet i Oslo sammenlignet nesten kan sies å ha det luksuriøst. […] Kan en kulturstat som Norge i lengden være bekjent av å neglisjere en lansdel slik som tilfellet har vært og ennu er det med Nord-Norge? Er det forsvarlig?»[iii]

John Hjertås blei altså ikkje verande i Rødøy, men kom 17 år gamal i lære på Rønvik asyl i Bodø i 1914 som psykiatrisk sjukepleier, og blei der i tre år før han drog til Trondheim og fekk arbeid på Rotvold Sjukehus. Her medverka han til ei tidleg organisering av pleiarane for å betre forholda både for dei og pasientane.[iv] Etter kvart drog han til Tromsø og jobba rundt ti år på sjukehuset der før han mista sin post på grunn av nedskjeringar, om lag tre år før debutboka kom ut i 1936. Rundt denne tida flytta han til Oslo der han jobba som privatsjukepleier.[v] John blei buande i Oslo, der han fortsette å jobba som sjukepleier og med skriving og omsetting. Han blei gravlagd frå Vestre Krematorium 21. mai 1969.[vi]

Debutromanen «Under brottskavlen» skildrar barndommen til Kåre, som kjem frå svært fattige kår på ei øy i nord og hans møte med internatskulelivet. Romanen fekk mykje merksemd, ikkje minst på grunn av dei brutale skildringane av forholda på internatskulane og dei «perversitetane» som føregjekk mellom borna som mangla oppsyn av vaksne. I romanen får dei yngste gutane gjennomgå og blir til og med seksuelt utnytta av dei eldre gutane dei må dela seng med. Det blei ein diskusjon i avisene om kor vidt romanen var realistisk, og Hjertås blei av blant anna skuledirektøren for Nordland og Troms, skulda for å vera sensasjonslysten.[vii]

Norsk Pedagogisk Tidsskrift let ein lærar frå Vefsn, Bjarne Spjelkavik, skrive om «Under brottskavlen», og han tok romanen i forsvar og meinte at den gav ei adekvat skildring av tilstanden både i fattige fiskarheimar og på internatskular i området. Han meinte også at dette ikkje berre gjaldt den tilbakelagde tida då Hjertås sjølv budde og gjekk på skulen der, men at den fattigdomen han skildra framleis fanst i uhyggeleg stort mon. Spjelkavik skriv:

«Hjertås korkje overdriv eller lagar «kunst» av dette. Han dreg berre sceneteppet til side og let lesarane sjå kva resultat fattigdomen ikkje berre kan, men i så alt for mange tilfelle må føre til: hat og fiendskap i heimane, mindreverdskjensle og åndeleg perversitet, som av og til kan grense til hysteri hos dei borna som ikkje har fått ein robust natur i voggegåve. Kåre er ikkje berre hovudpersonen i «Under brottskavlen». Han er å finne i det daglege liv i så alt for mange tilfelle i dei fattige samfundslag John Hjertås har teke for seg.»[viii]

Romanen «Gull i Gråstein» frå 1939. Foto: Gyldendal

I 1939 kom romanen «Gull i gråstein», som også gir skildringar av til dels ekstrem fattigdom. Karen er tenestejente på ein stor gard og ønsker seg ut av fattigdomen, men ender gong på gong med å bli sviken av dei som skulle ha vore på hennar side. Frikyrkja stod sterkt på Gjerøy der han vaks opp, og i begge romanen tek Hjertås oppgjer med religiøst hykleri, blant anna i form av ei krass skildring av ein dobbeltmoralsk lågkyrkjeleg predikant. Fleire meldarar påpeikar at det er noko sjablongaktig med både denne og andre av karakterane i «Gull i gråstein».[ix] Boka får hard kritikk av blant anna Johan Borgen i Dagbladet under overskrifta «Mye gråstein – lite gull». Sjølv om ein også finn nokre meir velvillige meldingar, blei romanen stort sett rekna som ei litt for skjematisk forteljing om urettferd og fattigdom.[x]  Same året var det også premiere på Hjertås sitt stykke «En lysning fra øst» på studentteateret i Oslo, med følgjande førehandsomtale: «Det er skildringen av en fiskerfamilies elendighet og nød og brytningen mellom gammel og ung stykket tar op til behandling».[xi]

Fyrst i 1957 kom neste og siste bok frå Hjertås si hand. I mellomtida hadde han omsett to ungdomsbøker, og den tredje boka hans, «Sjøblomsten», har same målgruppe. Det er ei spanande forteljing om ein ung gut som får vera med på vinterfiske for fyrste gong. Sjølv om verken «Gull i gråstein» eller «Sjøblomsten» er å rekna for stor litteratur, gir dei fine innblikk i tilværet på Helgeland i tidlegare tider. Det er likevel debuten «Under brottskavlen» og resepsjonen av denne som har styrst interesse for ettertida. I tillegg til å skapa debatt om internatskulane i Nord-Noreg, gir romanen ei tidleg skjønnlitterær skildring av homofile kjensler og skeivt seksuelt begjær. Ikkje fyrst og fremst hjå skulegutane som utnyttar dei yngre borna, men hjå den redde og forsiktige hovudpersonen Kåre, som er frustrert på sin eigen manglande interesse for jenter og forelskar seg i gutar.

 

Mot kujonisering av barnesinnet
I «Under brottskavlen» følgjer me Kåre frå han er sju til han er femten år, og det er nok ikkje tilfeldig at det er ei oppvekstskildring Hjertås debuterte med. Då romanen kom ut hadde Sigmund Freuds psykoanalytiske teoriar for alvor gjort sitt inntog i Noreg, og mange skjønnlitterære forfattarar let seg påverka av dette. Freud forstod hendingar i barndommen som avgjerande for karakterbygginga og eventuelle nevrosar ein sleit med seinare i livet. Forfattarane vende difor blikket mot barndomen, og det byrja koma fleire oppvekstromanar, som ikkje var mynta på born og unge, men på vaksne lesarar.

Barndommen til Kåre er prega av fattigdom og ei streng gudelære, det er ein gut som frykter både mørkeret og synda me blir kjent med. Ungane må hjelpa til med alt som skal gjerast, og Kåre finn ikkje mykje glede i denne typen hardt fysisk arbeid. Under det som verkar som eit uendeleg arbeid med å gjødsla potetåkeren med kuskit med hjelp av ei stor og tung trillebår, tenker guten med seg sjølv:

«I grunnen kan det jo være det samme enten jeg blir ferdig eller ikke. For straks det ene er gjort er det noe annet som venter. På arbeid er det ingen slutt. Det er nesten med det som med synden, det er til stede overalt. Aldri er det fred for det.»

 

Samstundes som barndommen blei teke meir på alvor, oppstod det i mellomkrigstida motstand mot den autoritære barneoppsedinga som var vanleg. «Under brottskavlen» skildrar nettopp ei slik streng oppseding, der det er lite rom for leik og fri utfalding, men mykje redsel for straff både frå foreldra og frå Gud. I avisa Tidens Tegn, innleiar meldaren av boka på denne måten:

«Efterat man er kommet på det rene med hvor avgjørende barndomsinntrykkene er for karakterdannelsen, har vi fått en ny og viktig litteraturart som kan sammenfattes under navnet oppdragelsesromaner. På dette området er der i løpet av de siste fem år kommet bøker som ikke bare raker høit rent litteræret, men som også er viktige agitasjonsskrifter mot al kujonisering av barnesinnet.»[xii]

 

At seksuelle drifter og begjær allereie oppstod i barndomen var også ein tanke som kom med psykoanalysen og som ikkje var like lett å svelgja for alle. Særleg ikkje i dei små samfunna som Hjertås skildrar i bøkene sine, der den pietistiske religionen stod sterkt og dei fleste uttrykk for lyst og seksualitet vart sett på som synd. John Hjertås er tydeleg påverka av Freud då han uttalar følgjande i eit intervju:

«Når det erotiske liv begynner å våkne hos barna, så har de ingen polaritet, tror jeg. Barn søker efter sympati, efter kjærlighet, vennskap, de reflekterer ikke.» [xiii]

 

Forteljinga om Kåre illustrerer korleis eit barn som ingenting veit om det som vaknar i han, anna enn at det er forbunde med det vonde og djevelen sjølv, blir forknytt og prega av skam og angst. I ein oppvekst med liten både fysisk og emosjonell nærleik, kjenner Kåre på dei vaknande driftene sine når han opplever noko som minner om eit kjærteikn frå broren. I etterkant blir han slått i bakken av skamkjensle, og sit att med ein ambivalens som skal prega dei vidare erfaringane hans:

«Anende skimter han en stor fare. Han kjenner noe inne i seg selv, som han ikke kan verge seg mot. Det som for et øieblikk siden føltes som den høieste lykke, nu viser det sig som noe ekkelt og ondt, i slekt med synd og skam.»

Psykoanalytiske teoriar meinte at slik undertrykking av begjæret og seksualiteten i barndommen kunne skape problem i vaksenlivet, og på trettitalet tok fleire til orde for ei meir open haldning til seksualitet som noko naturleg og positivt heller enn syndig og skamfullt. Dette prega også litteraturen, der det kom ut ei rekke romanar som hadde opne erotiske skildringar, også av avvikande og overskridande seksualitet. Desse bøkene var det mange som blei forarga over, og rekna det som direkte øydeleggande for den oppveksande generasjon å bli utsett for slik litteratur. På starten av trettitalet førte dette til ein oppheta debatt i avisene, som inngjekk i det som har blitt kalla mellomkrigstidas kulturkamp. Kampen stod mellom dei som ville ta vare på dei tradisjonelle verdiane og den kristne moralen, og dei som meinte at tida var inne for å forkasta båe delar.

Det merkast i tonen i nokre av meldingane at debuten til John Hjertås kjem ut i etterdønningane frå denne debatten. Til dømes beklagar Carl Johan Hambro i si melding at ei slik bok kan bli utgitt og leverast over disk i bokhandlarane, og avsluttar slik:

«Det er ikke utelukket at Hjertaas kan ha talent. Han har evne til at skildre barnesindets forkomne vetløse rædsel; men hans bok er skrevet i syk seksuel angst»[xiv].

 

Heller ikkje Sigurd Sivertsen i Lofotposten er nådig i si melding:

«Det hele kan karakteriseres ved et citat fra boken selv: ‘Han sitter og roter med en råtten pinne i det grønne slimet – – ‘. Sånn omtrent må det vel føles ja – å skrive en slik bok.»[xv]

Ein av dei som både i sin litteraturkritikk og sin eigen skjønnlitteratur stod på den motsette sida var Sigurd Hoel, og han skriv i si melding av «Under brottskavlen» i Dagbladet:

«Alle er de oppdradd i den tro at alt seksualliv er noe lavt og stygt, noe farlig og syndefullt som hører djevelen til og egentlig burde vært forbudt. Men barna har sine drifter, de som de voksne. Driftene lar sig ikke forby; og det at en ting er farlig og syndefull gjør den ofte dobbelt lokkende. Men hos mange av barna er selve seksualdriften blitt så innvevd med angst og skremsler og forbud, at all slags perversitet får fritt spill.»[xvi]

 

Ungdomsboka «Sjøblomsten» frå 1957. Foto: Cappelen Damm

Det umoglege og grenselause
Kåre kjenner på den forbodne seksualiteten og dei ustyrlege driftene, men også ei gryande aning om at han er annleis enn andre. På skulen og i ungdomstida blir det tydeleg for Kåre at han ikkje er som dei andre gutane, og det gjeld fyrst og fremst den manglande interessa for jenter. Denne kjensla av å vera annleis var det mange som kjente på, og då den dåverande legen og seinare helsedirektør Karl Evang hadde ei spørjespalte i Arbeidermagasinet, var homoseksualitet eit av temaa han fekk flest spørsmål om. Då han var med og starta det omstridde tidsskriftet «Populært tidsskrift for seksuell opplysning» i 1932, fekk difor homoseksualitet ein eigen artikkel i den fjerde utgåva, skrive av Karl Evang sjølv og psykiatrispesialisten Torgeir Kasa. [xvii] Tidsskriftet hadde som formål å ta eit oppgjer med den dominerande seksualmoralen og religiøse og irrasjonelle haldningar til seksuallivet. Artikkelen har blitt rekna som det fyrste forsøket her i landet på å ta opp homoseksualitet på ein sakleg og seriøs måte, fristilt frå den vanlege moralske og religiøs fordømminga.[xviii] Artikkelen blei omsett til dansk og svensk og blei seinare med i boka til Karl Evang med namn «Seksuell opplysning» og skulle slik i fleire tiår spela ein viktig rolle for mange som prøvde å forstå seg sjølv.[xix]

I eit intervjuet i «Syn og Segn» fortel Geir Hagland[xx], som var den fyrste opne homofile i Nordland, at mora hadde Evangs «Seksuelle opplysning» i bokhylla. Då han las om homofile der tenkte han «så er det slik eg er». For Hagland sette dette ord på noko som han alltid hadde visst, men ikkje hadde språk for. Evangs nøkterne skildring var noko han kjende seg att i, men slik var det ikkje for alle.[xxi] I Knut Olav Åmås sin gjennomgang og oppsummering av NOVA-rapporten frå 1999 om levekår og livskvalitet hjå homofile i Noreg, siterar han ei kvinne som slo opp i Evangs bok på 1950-tallet, og seier «Der stod jo homofilien plassert mellom perversiteter og sadisme. Det var det jeg fant ut om homofili den gangen på 50-tallet.»[xxii]

Artikkelen til Kasa og Evang har visse problematiske aspekt lese med dagens auge, men samstundes var det ein radikal ståstad dei fronta i si samtid, og dei tek i artikkelen til ordre for at forbodsparagrafen bør opphevast, og påpeiker også at det er «overordentlig uheldig å slå de homoseksuelle sammen med de som har utuktig omgjengelse med dyr», slik lovparagrafen gjorde.[xxiii] Kasa og Evang meiner at homoseksualitet finst som ein normal medfødd variasjon, på linje med til dømes fargeblindheit, men dei meiner samstundes at det også finst erverva homoseksualitet, som skuldast forstyrringar i utviklinga og som difor kan reknast som sjukdom. Denne siste ståstaden var det ein del radikale psykoanalytikarar som delte, og då ofte utan å opne for ein medfødd normal. Ein av dei var Wilhelm Reich, som var i eksil i Noreg frå 1934 til 1939, og som Sigurd Hoel i denne perioden gjekk i intensiv terapi hjå.[xxiv]

Reich var oppteken av at dei rådande strukturane, slik som kapitalismen og religionen, førte til seksualhemningar av ulik art. Homoseksualitet var uttrykk for slike hemningar, og den frigjorte seksualitet var for Reich kopla til ein heterofil seksualitet – om driftene blei frigjorte ville homoseksualiteten opphøyra.[xxv] Hoel fylgde Reich i dette synet og meinte at homoseksualitet skuldast angst med bakgrunn i seksualfortrenging og kunne lækjast. Hoel refuserte ein roman av Åsmund Sveen i 1934 med bakgrunn i at homoseksualitet ikkje blei omtalt på rett måte. Hoel ville «vite ikke bare at de er sånn, men hvorfor de er blitt saan», og ser ut til å bli direkte forarga over at Sveen skildrar homoseksuelle som vanlege menneske som lever sine liv, og ikkje sosial kasus som skal forklarast. [xxvi] Sveens roman kom aldri ut og er tapt for ettertida, og dette viser tydeleg korleis eit mangfald av skeiv litteratur ikkje nett hadde dei beste livsvilkår på trettitalet.

Det er mogleg å lesa «Under brottskavlen» som det Hoel etterlyser, ei forklaring på kvifor de er «blitt saan». I eit intervju med Dagbladet blir det snakk om det som hender på internatskulen i boka, og då Dagbladet spør: «Hvor meget skal vi snakka med barn, synes De?», svarer Hjertås:

«Jeg holder på oplysningen på et tidlig tidspunkt om det som begynner å våkne i dem, og først og fremst den uendelig store nytte det vil ha for dem om alt føres inn på rett spor. De må også få saklig oplysning om det som kan skade dem.»[xxvii]

 

Spørsmålet blir her om kva som er «på rett spor». På den eine sida ser det ut som at Kåre føler seg annleis frå han er liten, og romanen kan slik lesast som eit argument for ein teori om at ein er født som homoseksuell. Samstundes er utsegna i intervjuet eit teikn på at Hjertås skriv i tråd med teoriar om at hendingar i barndommen kan føra driftene på feil veg, og vekk frå det heteroseksuelle sunne begjæret. Då Hjertås blir spurd i same intervju om kva som kan «retta på altsammen», svarar han at gutane i det minste burde fått si eiga seng. Det kan føra tankane til ein teori som stod sterkt i psykiatrien på denne tida, om at homoseksualitet kunne oppstå ved at ein blei forført av andre menn i ung alder. Denne teorien var også noko av bakgrunnen for at seksuell omgang mellom menn var forbode med lov.[xxviii] Ein kan slik tolka Hjertås som at å få ei eiga seng ville retta på det som har forårsaka at Kåre ender med å bli tiltrekt av andre gutar, men han kan like gjerna ha meint at det rett og slett kunne førebyggja overgrep.

Då forfattaren i eit anna intervju seier at han har villa skildra miljøets innflyting på eit svakt sinn, på ein veik gutunge i oppveksten, treng ikkje dette vera at han ville forklara korleis Kåre «har blitt sånn». [xxix] Skildringa kan også visa oss korleis fattigdom, kulturens manglande forståing for likekjønna kjærleik og streng religiøs moral gjer at Kåre ikkje får utvikla seg til å bli ein trygg og sjølvstendig person, og kjenna at han kan elska kven han vil. Skjønnlitteraturens styrke er nettopp at den sjeldan let seg lesa programmatisk, eller som uttrykk for ei bestemt meining. Som me såg kan sjølv faglitteratur som Kasa og Evangs artikkel om homoseksualitet opplevast som både frigjerande og fordømmande, og dette gjeld i ennå større mon for ein roman som «Under brottskavlen».

Skeive i litteraturen
Sjølv om «Under brottskavlen» er eit av dei tidlege døma på delvis sympatiske skildringar av likekjønna kjærleik i norsk samanheng, var Hjertås ikkje fyrst ute. Alf Martin Jæger var ein lærar frå Alta med kvensk bakgrunn, og i 1924 gav han ut «Odd Lyng» som er den fyrste romanen som nemnar homoseksualitet med namn i norsk samanheng. Romanen er også uvanlege i at den skildrar den likekjønna kjærleiken med innleving, men både «Odd Lyng» og debuten hans frå året før, «Strengen brast», ender tragisk med at hovudkarakterane tek sjølvmord.[xxx]

Kim Friele er kritisk til denne pessimistiske tonen i desse romanane i si bok «De forsvant bare – fragmenter av homofilies historie», og meiner at å la Odd Lyng ta sjølvmord er ein måte å ta omsyn til «sømmelighetens prinsipper». Ho nemner også «Under brottskavlen» som ei av bøkene som kjem med eit pessimistisk bodskap, og ender med at hovudkarakteren ikkje vil leva lenger. I kontrast held ho fram Borghild Kranes roman «Følelsers forvirring»,  som kom året etter i 1937 og er den fyrste norske romanen om lesbisk kjærleik. Dette er ei bok som i større grad kjem med eit positivt bodskap og varslar moglegheiter for organisering og opprør.[xxxi]

Det er heilt klart noko i at verken Jæger eller Hjertås gir hovudpersonane sin særleg generøse rom for frigjerande rørsler. Samstundes kan ein likevel tenkja at desse forfattarane medverkar til nettopp ei slik gryande rørsle ved å nemna det unemnelege og gi språk til erfaringar som på dette tidspunktet hadde liten eller ingen plass i den offentlege samtalen. Hjertås bok er heilt rett pessimistisk, og det er vanskeleg å sjå at den angstridde og skamfulle Kåre skal finna ein veg ut av fattigdomen der han kan elska kven han vil, som han så sårt lengtar etter. Men som Kristin Fridtun gjer eit poeng ut av i si gjennomgang av skeive tema i norsk litteratur i tidsskriftet «Vagant», kunne sjølv skildringar som var svært negativ ladd ha ei positiv effekt. Hen siterar frå dei beint fram hatske skildringane av homoseksuelle i «I skyggen av Karl Johan. Fragement av en kvindes liv», utgitt i 1912 under pseudonymet Rita Freimann, som forfattaren Øvre Richte Frich stod bak:

«De dækker kunsten og literaturen med sit slim, de forpester hjemmene med sin giftige aande, de forvrænger naturens skjønneste idé, – de kvæler manddommen, de lægge kvindens ædleste instinkter øde!».

Fridtun påpeiker at trass i den fordømmande tonen, har ein konkrete vitnemål om at nettopp denne romanen fekk norske homoseksuelle til å innsjå at dei ikkje var åleine, og bli klar over at det fanst eit homomiljø i Oslo.[xxxii] Det er godt mogleg at dei som sjølv blei forelska i nokon av same kjønn i ei tid då det vart sett på både som syndig og sjukt, kunne finna trøyst i å lesa nokre av passasjane i «Under brottskavlen». Som i denne skildring av ung forelsking der Kåre er på tur i utmarka med den gode venen Karolius, som han har sterke kjensler for:

«De finner seg en lun heller og blir sittende og holde hverandre i hendene mens de ser og ser. Verden blir så uendelig om dem. Breene innover fjellmuren flammer og gløder, og gir tankene nytt og mangfoldig stoff. Da ønsker ikke Kåre mer, for dette er det beste av alt han hittil har funnet.»

Men Karolius har mykje på gang, og «har en interesse større en alt, og det er å finne ut hvordan jentene ser ut under klærne». Han vil gjerne ha Kåre med på denne utforskinga, men for Kåre er dette berre forbunde med eit stort ubehag, og også dette skildrar Hjertås med ei innleving som må ha kunna gitt gjenklang hjå dei som har kjent det på same vis:

«Hvorfor er ikke jeg som Karolius, tenker han og er bedrøvet for det. Eller som de andre, de store guttene? Det er så flaut å føle sig anderledes enn de er. Det nytter ikke om han trøster sig selv med at han er mer skikkelig, det er slett ikke det det kommer an på nu. Men han kan ikke like å fare sånn med jentene, kan ikke orke det. Det byr ham så inderlig imot. Og så har han bestandig følelsen av at de forlanger noe av ham som han ikke vil og ikke kan gi dem. Hvad det er, det har han ikke rikigt klar for sig, men at det er noe, det er han aldeles sikker på. Derfor undgår han dem også så godt han kan på alle måter. Ja, selv når de leker er han redd for å komme dem for nær.»

Ein av dei som meldte «Under brottskavlen» var nettopp forfattaren Alf Martin Jæger, og han skriv i avisa Nordlys:

«Hjertås skal ha takk for sin bok. Den har sine mange svakheter, men den er alvorlig. Den er skrevet med en indre glød. Kanskje en av årets beste bøker, fordi den behandler et ømtåelig emne som sjelden er behandlet i norsk litteratur.»[xxxiii]

Då Jæger i 1950 gir ut sin siste roman, «Ser du en stjerne», som handlar om tolv år gamal Sigfrid som blir glad i ein jamaldrande gut, er det med ei forsiktig meir optimistisk avslutning enn dei to førre romananes sjølvmord, og kanskje kan det spegla kjensla i tida.[xxxiv] Organiseringa av homofile var starta, og ein kunne sjå konturane av ei røynd der homofili ikkje trengte bli sett på som sjukt, syndig eller kriminelt.

«Å løse flokene for dem det virkelig gjelder»
Diverre er det ikkje slik at frigjeringskampen får ein stødig kontinuitet frå «Under brottskavlen» kjem ut i 1936 og fram til avkriminaliseringa i 1972. På same tid som Hjertås debuterte, starta ei forferdeleg forfølging av homofile under nazismen, og det er anslått at ein stad mellom 7 000 og 15 000 blei sendt i konsentrasjonsleir med ein rosa trekant på fangedrakta, og rundt 50 000 blei dømt for brot på den tyske loven som forbaud seksuell omgang mellom menn frå 1933 til 1942.[xxxv]

I kjølvatnet av Holocaust, konsentrasjonsleirane og dei andre brutalitetane under 2. verdskrig, blei det opna eit handlingsrom for å organisera seg rundt ideen om at alle menneske har ein ibuande verdi. I 1948, det same året som FN’s menneskerettar blei vedtekne, blei det skipa ein organisasjon i Danmark med det nøytrale namnet Forbundet af 1948, som jobba mot diskriminering av homoseksuelle. Det norske forbundet av 1948 blei grunnlagt i 1951 som ein norsk avdeling av det danske forbundet. Den fyrste leiaren var Rolf Løvaas, og noko av arbeidet han gjorde var å skaffa eit nettverk med folk som sympatiserte med saka. Han skreiv då blant anna til forfattarar som hadde handsame likekjønna kjærleik i sine bøker, deriblant Alf Martin Jæger og John Hjertås.[xxxvi] Svaret til Hjertås er imøtekomande, og han skriv at han på ingen måte tek brevet ille opp, at det tvert imot har gleda han, og vidare:

«En samtale med Dem angående «Forbundet av 1948» skulle interessere meg meget. Jeg må ærlig si, jeg er ikke så sikker på hvorvidt dette er den riktige måte å løse flokene på for dem det virkelig gjelder. Men at noe bør gjøres for at også denne, desverre sterkt utbredte, kontingent av menneskeheten kan få verdige livs og lykkesmuligheter, er sikkert nok. Jeg er hybelboer, og har for vane å drikke en kopp te eller kaffe ved 13. tiden hver dag. Det skulle glede meg om De engang ved leilighet ville gjøre meg selskap.»[xxxvii]

Det er eit ope spørsmål om Løvaas kom på besøk, og korleis samtalen i så fall utspela seg. Det norske forbundet av 1948 fekk i alle tilfelle auka oppslutning i tiåra som kom, og lukkast i 1972 endeleg i den viktige kampen for å fjerna forbodsparagrafen. Kanskje bidrog også «Under brottskavlen» på sitt vis til at dei det verkeleg gjeld fekk meir verdige livs- og lukkesmoglegheitar.

 

Takk til Nasjonalbiblioteket for hjelp med scanning av biletmateriell. Takk også til alle rødøyfjerdingar og andre som har bidrege med informasjon.

Gamalskolen på Gjerøy frå starten av 1900-talet, har framleis internatloftet intakt, og det er grunn til å tru at denne skulen har vore utgangspunkt for internatet skildra i «Under brottskavlen». Foto: Live K. Torvund

 

Litteraturliste:

Bulie, Kåre 2021: «Nytt liv i orgonskapet». Klassekampen 14.08.

Dypvik, Astrid Sverresdotter 2021: «Den første homoen på Helgeland». Syn og Segn nr. 1.

Fridtun, Kristin 2017: «Den nye tids type, halvmændene – kva skeive smakebitar byd den norske bokheimen

på?». «Vagant»  nr. 3.

Friele, Karen Christine 1985: De forsvant bare – fragmenter av homofiles historie. Gyldendal Norsk Forlag.

Gatland, Jan Olav 2003: Det andre menneske – eit protrett av Åsmund Sveen. Samlaget.

Gatland, Jan Olav 2001: «Homoseksualitet og norsk litteratur». I: Norsk homoforskning, Marianne C. Bransæter,

Turid Eikvam m.fl. (red.). Universitetsforlaget.

Gatland, Jan Olav. «Rolf Løvaas». Skeivt arkiv – skeivopedia. https://skeivtarkiv.no/skeivopedia/rolf-lovaas

Gripsrud, Jostein 1981: «La denne vår scene bli flammen…» – Perspektiver og praksis i og omkring

sosialdemokratiets arbeiderteater ca. 1890-1940. Universitetsforlaget.

Hjertås, Jon 1939: Gull i Gråstein. Gyldendal.

Hjertås, Jon 1936: Under brottskavlen. Gyldendal.

Hjertås, Jon 1957: Sjøblomsten. Damm forlag.

Hobson, Kristin: «Nazismens ofre: homofile.» HL-senteret.

https://www.hlsenteret.no/kunnskapsbasen/folkemord/folkemord-under-nazismen/andre-grupper/forfolgelsen-av-homofile

Jordåen, Runar 2015: «Fødd sånn eller blitt sånn? Skeiv historie på norsk.» Prosa  nr. 5.

Jordåen, Runar 2017: «Arktisk homokamp.» Syn og segn  nr. 2.

Jordåen, Runar 2010: Inversjon og perversjon: homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av

1800-talet til 1960. Ph.d. Universitetet i Bergen.

Jordåen, Runar 2020: «Verdige og verdifulle relasjoner. Karl Evang og Torgeir Kasa om homoseksualitet i

1932.» Historisk tidsskrift nr. 4.

Kasa, Torgeir og Karl Evang (red.) 1947: «Homoseksualitet». I: Seksuell opplysning. Tiden Norske Forlag.

Åmås, Knut Olav 2001: «Levekår og livskvalitet blant lesbiske kvinner og homofile menn – ein liten sosiologisk

«kunnskapsbank». I: Norsk homoforskning, Marianne C. Bransæter, Turid Eikvam m.fl. (red.).  Universitetsforlaget.

Noter:

[1] Bryllaupet til foreldra blir omtale i Lina Hagland Jentofts memoar i Lokalhistorisk årbok for Rødøy 2011, og ho skriv der «De var meget fattige».

[1] Morgenbladet, 24.10.1936

[1] Dagbladet, 16.03.1937

[1] Lofotposten, 19.06.1959

[1] Dagbladet 23.10.1936, Arbeiderbladet 23.10.1936, Morgenbladet, 24.10.1936, notat fra svogeren Thorolf Værnes

[1] Arbeiderbladet, 21.05.1969

[1] Lofotposten, 28.10.1936

[1] Gjengitt frå Dagbladet, 16.03.1937

[1] Adresseavisen, 1.11.1939, Rogaland 16.1.1940 og Tønsberg blad 10.11.1939

[1] Dagbladet 25.10.1939; Tønsberg blad 10.11.1939, Morgenposten 4.11.1939, m.fl.

[1] Gripsrud, La denne vår scene bli flammen

[1] Tidens tegn, 16.12.1936

[1] Dagbladet, 23.10.1936

[1] Morgenbladet, 2.12.1936

[1] Lofotposten, 16.12.1936

[1] Dagbladet, 7.11.1936

[1] Jordåen, «Verdige og verdifulle relasjonar»

[1] Gatland, Mellom linjene, 1990

[1] Jordåen, «Verdige og verdifulle relasjonar»

[1] Hagland er sjølv frå Gjerøya slik som Hjertås, og har samla og kopiert alle avisutklipp som var gjort i samband med utgjevingane av bøkene. Denne bunka med kopiar har vore viktig i arbeidet med artikkelen.

[1] Dypvik, «Den første homoen på Helgeland».

[1] Åmås, «Levekår og livskvalitet blant lesbiske kvinner og homofilie menn», 173

[1] Kasa og Evang, «Homoseksualitet», 200

[1] Bulie, «Nytt liv i orgonskapet».

[1] Jordåen, «Verdige og verdifulle relasjonar»

[1] Gatland, Det andre mennesket, s. 95-97

[1] Dagbladet, 23.10.1936

[1] Jordåen, «Verdige og verdifulle relasjonar»

[1] Morgenbladet, 24.10.1936

[1] Jordåen, «Arktisk homokamp»

[1] Friele, De forsvant bare, 144-145

[1] Fritdun, «Den nye tids type, halvmændene»

[1] Nordlys, 28.11.1936

[1] Jordåen, «Arktisk homokamp»

[1] Hobson, «Nazismens ofre: homofile», https://www.hlsenteret.no/kunnskapsbasen/folkemord/folkemord- under-nazismen/andre-grupper/forfolgelsen-av-homofile

[1] Gatland, «Rolf Løvaas»

[1] RA PA-1328 Rolf Løvaas, serie F, eske nr. 1, mappe 2, Avd. B.

 

Cirka 10 000 f.v.t. - 4000 f.v.t. Eldre steinalder

Se innhold Se innhold

Ca. 8500 f.v.t.

Fangstfolk, jegere og fiskere holder til på Vega. De bor i enkle telt eller små hytter i strandsona, og driver organisert fangst og fiske.

4000 f.v.t. - cirka 1800 f.v.t. Yngre steinalder

Se innhold Se innhold

Ca. 3900 f.v.t.-2350 f.v.t.

Gjenstander fra Sør-Skandinavia brukes særlig på kysten av Sør- og Midt-Helgeland. Blant annet prestisjedolker fra Nord-Jylland. Det forteller om vareutveksling.

Cirka 1700 f.v.t. - cirka 500 f.v.t. Bronsealderen

Se innhold Se innhold

Ca. 1800-500 f.v.t.

En mengde helleristninger lages på Tro, Flatøya og Rødøya i Alstahaug. de viser hval, elg, sel, båter, hester, fotsåler, abstrakte figurer, og det som er tolket som en skiløper. «Skiløperen» ser du i Helgeland Museums logo.

Se innhold Se innhold

Ca. 800-700 f.v.t.

Et bronsesverd begraves på Remmen i Tomsvik på Tomma i Nesna.

På Hillstad i Brønnøy garves to bronseøkser ned i jorda under en steinhelle. Kanskje er det offergaver?

500 f.v.t. - 550 Yngre jernalder

550 - 800 Merovingertid

Se innhold Se innhold

Ca. 200-800

Ringforma tunanlegg bygges og brukes. På Helgeland er ringtun funnet i Vassås i Bindal, Mo i Brønnøy, Leikenga på Tjøtta, Hov på Løkta i Dønna og Botnmoen i Kobberdal på Løkta. I tillegg er ett oppdaget på Øysund i Meløy på grensa mellom Helgeland og Salten.

Se innhold Se innhold

Ca. år 500 og fremover

Høvdingdømmer dannes flere steder: på Dønna, Tjøtta, Torgar i Brønnøy og Sandnes i Alstahaug.

800 - 1066 Vikingtid

Se innhold Se innhold

873

Sigrid Sigurdsdotter på Sandnes (født ca. 850) har vært enke i ett år. Hun gifter seg med Torolv Kveldulvson fra Fjordane. De bor først i Torgar i Brønnøy, deretter på Sandnes etter hennes far dør. Torolv er kongens skatteoppkrever.

1066 - 1537 Middelalder

1537 - 1660 Reformasjon

Se innhold Se innhold

1647 - Dikterpresten Petter Dass blir født

Petter Dass ble muligens født på Herøy 1647. Han var prest, jekteskipper, proprietær og forfatter. Mest kjent for samtiden som salmedikter med bl. a. salmen Herre gud ditt dyre navn og ære.

1660 - 1814 Enevelde

Se innhold Se innhold

1804

Mathias Bonsach Krogh blir utnevnt til første biskop i det nyopprettede bispedømmet Nordlandene og Finnmark. Samme år utnevnes han til sogneprest i Alstahaug prestegjeld. Alstahaug kirke blir Nord-Norges første domkirke.

1814 - 1884 Embetsmannsstaten

1884 - 1930 Industrialisering

Se innhold Se innhold

1901

Sandsundværulykka med storm og springflo 22. januar rammer 254 fiskere og tar livet til 34 mennesker i løpet av noen få timer. Kiste fra Sandsundvær kan ses på Herøy bygdesamling

1918 - 1940 Mellomkrigstid

1940 - 1945 Andre verdenskrig

1945 - 1972 Etterkrigstid

Se innhold Se innhold

1950-tallet

I denne perioden får mange helgelendinger innlagt strøm i husene sinde. Besøk Rana museum som har utstilling om husholdningsredskaper på strøm.

1972 - 2000 Oljealderen

2000 - Informasjonenes tidsalder

Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealderen
Yngre jernalder
Merovingertid
Vikingtid
Middelalder
Reformasjon
Enevelde
Embetsmannsstaten
Industrialisering
Mellomkrigstid
Andre verdenskrig
Etterkrigstid
Oljealderen
Informasjonenes tidsalder

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer om dette under våre personvernvilkår. Ved å klikke på "Godta alle", samtykker du i bruken av slike teknologier.