Hopp til hovedinnhold

Sagnfiguren Stállu

4 minutter

Tekst: Anne Lise Wie

Tegning som viser Stalo og Kauras, et samisk folkeventyr gjendiktet av svensken P. A. Lindholm på begynnelsen av 1900-tallet og illustrert av John Bauer. Arkiv: Wikicommons.

Illustrasjon: Tegningen av Stállu. Tegning som viser Stalo og Kauras, et samisk folkeventyr

No skal vi snakke litt om stállu

Stállu er ein segnhistorisk figur som er vorte oppfatta ulikt opp gjennom tidene, noko som gjer at det ikkje finnes ei eintydig forklaring på kva ein stállu er. Den samiske forfattaren Johan Turi skriv at stalloer var halvt menneske og halvt skrømt (2011, s. 145). Birkeland skriv  «Han er en fæl røver, både reintyv og kannibal. (…) Den som kjenner han vet at det bare gjelder en ting: få livet av han, koste hva det vil!» (1986, s. 118). Han budde gjerne i nærleiken av samanes bustader, og så låg han og lurte på ungane ved elva eller vatnet. Det sa i alle fall dei vaksne når dei ville skremme barna sine. I andre samanhengar minner stállu meir om skatteoppkrevjarane som kom nordover for å krevje samane for diverse varer. Ofte skildrast stállu som ein litt dum figur som lett let seg lure, omtrent som eit norsk troll.

Stállu går ofte kledd i mørke klede, har hund og sekk på ryggen. Stállu kan ha ei fløyte med skarp og frykteleg lyd. Om ein høyrer plystring eller fløyting i skogen kan det vere stállu som bles i fløyta si. Borna fekk beskjed om at dei ikkje måtte plystre, for då lokka dei på stállu (Birkeland 1986, s. 118). Stállu kunne ferdes usynleg blant folk, og han samla på sølvsaker. Menneskjene må drepe stállu for å få gullet og sølvet hans. Det er ikkje alltid at denne rikdommen bringer godt med seg. Rovhtege er det sørsamiske namnet på kona til stállu, ho liknar på mannen sin, men er verre. Ho kunne ta ut auga sine, slik at ho kunne kvile dei (Birkeland 1986, s. 119). I fleire eventyr har stállu eller rovhtege eit jernrør, som dei kan bruke til å suge pusten ut av menneskjene.

I jula kjem Juovlastállu køyrande med ein raide dradd av mus og lemen til dei samiske busetjingane. Det er viktig at det er ryddig utanfor heimen så raiden ikkje sett seg fast i vedflis og liknande, for då vert det bråk. Det må og settast ut vatn til stállu. Om han ikkje får vatn, blir han sint og i verste fall kan han drikke blodet til menneskjene (Olsen).

Stállu kan vere ein slags demon eller djevel, som er skapt og sendt ut av noaiden/sjamanen for å ta fiendar. I soga ”Stallu settes på folk” frå Kvenangen forteljast det at i gamle dagar brukte søringar å sette stállu på folk. Dei laga han av grastorv, rotne bjørkekubbar og never frå gamle trestubbar, så let dei renne blod frå litlefingeren sin på han. Då fekk han liv og så drog han i kamp. Tapte han ville han tilby sin eigen kniv, men tok du i mot den og stakk stallo med, då stakk du deg sjølv. Når stállu var drepen såg du ikkje noko anna enn ein roten trestubbe (Pollan 2005, s.  242).

Menneskjer kunne forvandlast til stalloer. Birkeland skriv at ”Alle mennesker kunne gjøre seg til stalo: Hvis en vasket ansikt og hode mens en sa fra seg dåpen, og dette skjedde i kirketiden eller på en søndag, da ble man en stalo. Og da var det ingen ende på alt det onde man kunne få seg til å gjøre” (Birkeland 1986, s. 118).

Anne Lise Wie er emeritus fyrstelektor i norsk ved lærarutdanninga ved Nord universitet, Nesna. Folkedikting er eit tema ho har arbeida mykje med, både som formidlar av lokal folkedikting og i undervisning og forsking. Foto: Ann Kristin Klausen/Helgeland Museum

Sist men ikkje minst, den som ynskjer å ta livet av stállu, må hugse å slå berre ein gong, for slår ein fleire gonger, blir han berre sterkare (Birkeland, 1986, s. 118).

Kjelder:
Birkeland, K. (1986). Staloer tror at månen er et bål. Cappelen forlag.
Olsen, H. A. Samiske juletradisjoner. Reaidu. Lenke: (Samiske juletradisjoner | Reaidu)
Pollan, B. (ed). (2005). Samiske beretninger. Aschehoug. (2. utgave)
Turi, J. (2011). Min bok om samene. ČálliidLágádus.
Illustrasjon Anne Lise Wie. Bildetekst: Anne Lise Wie er emeritus fyrstelektor i norsk ved lærarutdanninga ved Nord universitet, Nesna. Folkedikting er eit tema ho har arbeida mykje med, både som formidlar av lokal folkedikting og i undervisning og forsking.

 

Hopp over tidslinje

Hvordan bruke tidslinjen?

For å bruke tidslinjen kan du bruke TAB-tasten for å navigere deg gjennom punktene. Naviger deg gjennom de forskjellige epokene ved å bruke pil-tastene til høyre og venstre.

Cirka 10 000 f.v.t. - 4000 f.v.t. Eldre steinalder

4000 f.v.t. - cirka 1800 f.v.t. Yngre steinalder

Cirka 1700 f.v.t. - cirka 500 f.v.t. Bronsealderen

500 f.v.t. - 550 Yngre jernalder

550 - 800 Merovingertid

800 - 1066 Vikingtid

1066 - 1537 Middelalder

1537 - 1660 Reformasjon

1660 - 1814 Enevelde

1814 - 1884 Embetsmannsstaten

1884 - 1930 Industrialisering

1918 - 1940 Mellomkrigstid

1940 - 1945 Andre verdenskrig

1945 - 1972 Etterkrigstid

1972 - 2000 Oljealderen

2000 - Informasjonenes tidsalder

Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealderen
Yngre jernalder
Merovingertid
Vikingtid
Middelalder
Reformasjon
Enevelde
Embetsmannsstaten
Industrialisering
Mellomkrigstid
Andre verdenskrig
Etterkrigstid
Oljealderen
Informasjonenes tidsalder